Viss du meiner at politiet har gjort feil kan du klage på politiet. Du kan også klage på etterforskinga som er gjort. I tillegg kan du melde ein tilsett.
Slik klagar du på korleis politiet har oppført segMeiner du at politiet har gjort ein feil utan å bryte lova, kan du sende ei klage til politidistriktet der det skjedde.Her finn du
Politimeisteren i politidistriktet avgjer klagesaka. Deretter sender politimeisteren deg eit svar med ei grunngjeving. Det skal stå i svaret om politimeisteren er einig eller ikkje einig i at politiet har gjort noko feil.Det skal ikkje ta meir enn ein månad å behandle saka. Viss det tek lengre tid, skal du få beskjed om det.Er du ikkje einig i vurderinga og avgjerda, kan du be om at politimeisteren sender klaga di vidare til
.Slik melder du tilsette i politiet eller påtalemyndigheitaMeiner du at tilsette i politiet eller påtalemyndigheita har brote lova i tenesta, kan du melde forholdet til
. Påtalemyndigheita betyr politiet, statsadvokaten eller riksadvokaten.Slik klagar du på etterforskinga av straffesakerMeiner du at politiet har gjort ein feil i etterforskinga av ein straffesak? Då kan du klage på det. Påtalemyndigheita behandlar slike klager.Har du spørsmål om klage på etterforsking av straffesaker, kan du kontakte politiet der du bur.